vassend

Erik Vassenden

Erik Vassenden er professor i nordisk litteratur ved Universitetet i Bergen. Han har eit breidt spekter av interesser og publiseringar, frå Wergeland og Ibsen til Cecilie Løveid, Øivind Rimbereid og Karl Ove Knausgård og annan samtidslitteratur. Vassenden er ein aktiv samfunnsdebattant som er spesielt oppteken av språket og litteraturen sine roller og oppgåver i samfunnet. Nynorsk lyrikk er ei hjartesak for han, og han har mellom anna gjeve ut publiseringar om Olav Nygård, Kristoffer Uppdal og Tor Jonsson.