Endre Skjåk

Endre Skjåk har ein bachelorgrad i drama/teater frå NTNU i Trondheim. Han har erfaring frå Kristinspelet på Sel, og Teater Innlandet. Endre har vore kulturskulerektor i Sel, dramalærar ved fleire av kulturskulane i regionen, og prosjektleiar for ungdomsmusikalen «Hair» på Otta. Han har vore med på fire cd-produksjonar knytt til diktarar i Ottadalen: Diktarplager, Hamsunplager, Nordalsnissane rører jula inn,  samt «Snigla som sykla», basert på barnedikt av Jan-Magnus Bruheim.