Fjellet som ytre og indre landskap

Høge fjell og djupe dalar

29. august til 1. september 2019

Cato Schiøtz

Cato Schiøtz er fyrst og fremst ein profilert norsk advokat, kjent frå m.a. Orderudsaken og fleire gjenopptakingingssaker slik som Liland, Fasting Torgersen. Han arbeider no i Advokatfirmaet Glittertind. Schiøtz er også litteraturelskar, og han har bygd opp ei av landets største private boksamlingar. Som litteraturinteressert har han skrive artiklar om forfattarar som Jens Bjørneboe, Andre Bjerke, Alf Larsen, Agnar Mykle, Olav H. Hauge og Olav Aukrust. Han eig garden Øvre Bollrud i Biri, ein av dei største økomjølk-produsentane i Oppland. Schiøtz er kjent for eit sterkt engasjement for antroposofien, og han er aktiv i samfunnsdebatten.