Bildoen-1

Brit Bildøen

Brit Bildøen (f. 1962), oppvaksen i Aukra og busett i Oslo, er ein av våre fremste samtidsforfattarar. Ho debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn, og har sidan skrive barnebøker, romanar og essay. Bøkene til Bildøen er omsett til fleire språk, og ho er tildelt fleire litterære prisar, mellom anna P2-lytternes romanpris for Sju dagar i august (2014). For same roman vart ho nominert på langlista til Dublin Literary Award.
I 2018 kom boka «Tre vegar til havet», som skildrar avmakt i møte med byråkratiet, og kva desperasjon kan gjere med eit menneske. Året etter vart Bildøen tildelt nynorsk litteraturpris for denne boka.
På Diktardagar deltek Bildøen på litteraturseminar i Utgard og på forfattarbesøk hjå Skjåk folkebibliotek.

Foto: Samlaget