Aslak Brimi portrett _ foto Johannes Selvaag

Aslak Brimi

Aslak er spelmann frå Garmo i Lom. Han er utdanna kjemikar frå Trondheim, og bur og arbeider nå i Oslo som lektor og avdelingsleiar ved Mailand VGS. I tillegg er han musikar og komponist, og aktiv medlem av både Lom spel- og dansarlag og Gudbrandsdølenes spelemannslag. Aslak har produsert fleire CD-ar, både solo og saman med andre. I 2020 gav han ut «Huldra Hildur; musikk og magi på setra» eit kombidokument for barn med både bok, lydbok og CD.

Aslak har tidlegare vore med i fleire produksjonar knytt til Diktardagar. Kabareen Diktarplager, basert på tekster av og om Tor Jonsson og Knut Hamsun for nokre år sidan, gjorde stor lykke. Her samarbeidde Aslak og Hildegunn Hovde med Jotunheimen Underholdning. I 2016 vart Aslak kåra til Årets Folkemusiker. Han har også vore nominert til Spellemannprisen og kome sigrande heim frå Landskappleiken fleire gonger. Under Diktardagar 2022 vil Aslak turnere i alle dei tre bygdene.

Foto: Johannes Selvaag